Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Enkel julenisse av garn

Nissar_72 dpi.jpg
Foto: Eva Austad.

Du treng

  • Ein plastring
  • Raudt og kvitt garn
  • Saks
  • Raud treperle til nase
  • Blå eller brune treperler til auge
  • Sytråd til å feste auge og nase, og til oppheng

 

Framgangsmåte

  • Klipp opp garn i lengder på 20 cm. Legg garnet dobbelt. Putt løkka inn i ringen og smett endane på garnet gjennom løkka. Hald fram slik til du har fylt halve ringen.
  • Gjør den same med den andre fargen.
  • Kor mykje garn som går med er avhengig av storleiken på ringen og tjukna på garnet.
  • På biletet er det brukt ringar med diameter 3,5 cm og 5 cm.
  • Raudt garn samlar du til huve ved å knyte ein tråd rundt for å markere dusken.
  • Skjegget kan du forme ved å klippe det litt kortare på kvar side.
  • Bruk sytråd og fest auge og nase.
  • Lag ei hempe av sytråd til oppheng.