Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Fletting av julekorger

Julekorger_72 dpi.jpg

Julekorger av sirklar, ei av julepapir og ei av glanspapir.
Foto: Eva Austad

Du treng

  • Glanspapir i fleire fargar
  • Saks og binders
  • Limstift
  • Papp til å lage mal å klippe etter
  • Linjal
  • Passar eller ein sikleformet gjenstand til å lage boge

 

Enkel julekorg

Klipp to like store sirklar i glanspapir. Bruk gjerne to ulike fargar. Brett sirkelane i to, og smett den eine sirkelen inni den andre slik at dei formar eit hjerte. Lim dei saman der sirklene overlapper kvarandre. Klipp ein papirstrimmel, ca. 1 cm brei, som du limer på til hank.

 

Fletta julekorg

Du kan lage ein mal ved å måle opp eit kvadrat på 10 x 10 cm. Bruk ein bolle til å teikne sirkelen. Brett papiret dobbelt og legg enden av malen langs bretten.

Del kvadratet på julekorga i fire like store deler. Det er ei enkel korg å starte med.

Teikn gjerne opp på innsida av korga slik at blyantstrekane ikkje blir synlege. Klipp to like deler.

Start med fletting, annankvar gong utenpå og inni.

 

Fleire mønster

Korleis du deler kvadratet på malen bestemmer mønsteret på korga. Ved sida av kvar korg på bileta nedanfor ser du malen og korleis den er delt opp.

 

Julekorg 2_72 dpi.jpg
Du kan laste ned malen her og skrive den ut.
Julekorg 3_72 dpi.jpg

Mønster: Hjerte-hjerte.

Julekorg 4_72 dpi.jpg
Mønster: Sol-hjerte.
Alle foto: Eva Austad.