Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Demens

10 tidlege teikn på demens

Oversynet over tidlege teikn på demens viser typiske skilnader på problem som alle kan ha, og problem som kan vere knytte til demenssjukdom.

 

Minnetap som påverkar arbeidsevna
Det er normalt å gløyme eit gjeremål, ein tidsfrist eller namnet til ein kollega.
Personar med demens kan oppleve hyppig minnetap eller forvirring som ikkje kan forklarast.

 

Problem med å utføre vanlege oppgåver
Det er normalt at travle menneske kan gløyme detaljar, som til dømes å servere noko av det som høyrer til eit større måltid.
Personar med demens kan gløyme å servere maten dei har laga, eller gløyme at dei har laga maten.

 

Språkproblem
Alle kan ha problem med å finne dei rette orda.
Personar med demens kan gløyme heilt enkle ord, eller bruke ord som er meningslause i samanhengen.

 

Desorientering om tid og stad
Det er normalt å vere usikker på kva vekedag det er, eller kva ein skal kjøpe i butikken.
Personar med demens kan gå seg bort i sitt eige nabolag utan å vite korleis dei kom seg dit, eller korleis dei skal finne vegen heim.

 

Svekka dømmekraft
Mange kan gløyme å ta med genser eller jakke ein kjøleg kveld.
Personar med demens kan gå i butikken i morgonkåpa, eller gå ut i snøen med tøfler på.

 

Problem med abstrakt tenking
Det kan vere vanskeleg å handtere alle sider ved den personlege økonomien sin.
For personar med demens kan det være helt uråd å forstå tal eller gjere enkle reknestykke.

 

Feilplassering av gjenstandar
Alle menneske rotar bort nøklar og lommebøker frå tid til anna.
Personar med demens kan leggje gjenstandar på heilt feil stad, som strykejarnet i kjøleskapet og armbandsuret i sukkerkoppen. Ofte har dei inga forklaring på kvifor tinga blei plasserte der.

 

Endringar i humør
Alle opplever endringar i humøret.
Personar med demens har ein tendens til rasaere humørendringar, utan openberr årsak.

 

Åtferdsendringar
Når ein blir eldre, er det er ikke uvanleg å endre seg til en viss grad.
Personar med demens kan utvikle dramatiske åtferdsendringar, anten brått eller over lengre tid. Ein som tidligare var glad og sorglaus kan bli sint, mistenksam eller engsteleg.

 

Tap av initiativ og engasjement
Det er normalt å gå lei av husarbeid, jobb, eller sosial omgang i periodar. Men dei fleste vil halde ved like ei viss interesse for slike aktivitetar, og kanskje etter kvart få gnisten tilbake.
Personar med demens blr verande uinteresserte og uengasjerte i mange eller alle sine tidligare aktivitetar.

Kjelde: Nasjonalforeningen for folkehelsen

 

 

Filmen nedanfor viser Rebecca Doig, som er nygift og gravid. Ho har no fått diagnosen Alzheimers sjukdom i ein alder av 31 år.

Kjelde: YouTube

 

Å være dement:

 

Kjelde: YouTube, Cathrine Johannessen.