Aktivitørfaget
Fargar og hjelpemiddel
Vi blir påverka av omgivnadene våre. Dersom fargane blir brukte på riktig måte, er dette med på at vi opplever noko positivt og får auka livsglede. Dei er med på å fargelegge tilværet vårt. Aktivitøren skal kunne gi gode råd og anbefalingar til brukarane om korleis dei best kan innreie med fargar og lys i eigen bustad. Lysforholda der vi oppheld oss, må tilpassast aktivitetane.
Aktivitøren skal hjelpe til slik at brukarane føler seg vel og trivst både i bustaden sin og på aktivitetsavdelinga. Hjelpemidla vi bruker, har innverknad på korleis vi opplever kvardagen og arbeidet vårt. Mange av brukarane treng hjelpemiddel for å meistre kvardagen, kunne delta som andre i samfunnet og vere med på aktivitetar. Derfor må aktivitøren vere godt orientert om kva hjelpemiddel som finst, og sette seg inn i korleis brukarane skal kunne nytte seg av dei og få eit enklare liv.