Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Arbeide etter instruksjonsskjema

 

Følg framgangsmåten og teikningane. Vel om du vil lage togsett eller trailer med tilhenger.

 

Materialar:

 

Verktøy:

 

Trematerialar:

Dimensjon 5 cm x 5 cm.

Trefiberplate av bjørk til hjul.

Trelist til understell (feste for hjul).

Rundstokk i tre (om ein vil ha «pipe»), sjå teikning nedanfor.

 

Skruer:

Lange skruer med mutter til hjul.

Augeskruer og krokar.

 

Maling.

Trelim.

Tynn papp til mal.

Bandsag.

Elektrisk skrutrekkar.

Boremaskin i stativ med utstyr for å lage hjul.

Sandpapir.

Mal for å markere vindauge og dører.

Linjal eller tommestokk.

Blyant.

 

Framgangsmåte:

 

NB: De kan veksle på rekkefølgja å sage deler til vogner og hjul, slik at det blir fordeling på bruk av verktøyet.

 

  1. Teikn opp vogndelane på trematerialet (dimensjon 5 cm x 5 cm). Togvognene er 12 cm lange og trailervognene er 15 cm lange.
  2. Kapp til lister (to stk. til kvar vogn) som skal brukast til understellet / feste for hjula. Dei skal være 1 cm lenger enn breidda på vogna (5 cm +1 cm = 6 cm).
  3. Sag med bandsag. Dersom du vil ha meir fasong på lokomotivet, må du sage dette også ut på bandsaga.
  4. Skriv namnet ditt på undersida av vognene med blyant.
  5. Puss delane med sandpapir, særleg der saga har gått.
  6. Bor eit hol som passar til pipedelen/skorsteinen til lokomotivet. Lim fast pipedelen, la han tørke.
  7. Mal vognene i den fargen du har valt (du kan la undersida være umalt). La malinga tørke heilt.
  8. Fres eller bor ut dei hjula du treng (fire stk. for kvar vogn). Hugs passe hol til skrue. Det er valfritt om du vil male hjula.
  9. Lag mal for vindauge og dører slik at dei dekkjer heile sida på vogna. Fest med tape og marker vindauge og dører. Hugs å male alle sidene på vognene.
  10. Flata for vindauge malar du svart eller grå. Marker dører med ein konturfarge.
  11. Det er valfritt om du vil ha meir dekor på vognene, strekar, border eller bokstavar.
  12. Når alt er tørt, kan du montere understellet og hjula på vognene. Mål ut og marker kor augeskruer og krok skal sitje, og skru dei fast (for at vognene skal henge saman).
  13. Lag ditt eige instruksjonsskjema ved hjelp av foto undervegs i prosessen. Det leverer du inn saman med det ferdige produktet.

 

Arbeisskisse_trearbeid.jpg