Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Psykisk funksjonsnedsetjing

Alle kan bli ramma av ei psykisk funksjonsnedsetjing. Rundt halvparten av folket i Noreg vil oppleve dette i løpet av livet. Slike plager og lidingar finst i ulike alvorsgradar – frå enkle fobiar og lettare angst og depresjonar til alvorlege tilstandar som psykosar. Alle psykiske lidingar påverkar tankar, veremåte, kjensler, åtferd og omgang med andre.

 

Mange av dei som slit med psykiske plager, har få støttespelarar og lite nettverk rundt seg. Det kan komme av at dei ofte trekker seg bort frå fellesskapet når dei har tunge periodar. Somme kan slite med tankar rundt tap i livet. Det kan vere tap av familie, jobb, venner, eller tankar rundt draumar og moglegheiter som det aldri blei noko av.

 

Men det er når ein slit mest, at det er særleg viktig å ha gode støttepersonar rundt seg. Det gjer ein tung kvardag lettare, og det kan vere med på å hindre at nokon vel å ta sitt eige liv. Sosialt fellesskap er ein vesentleg livskvalitet for den psykiske og fysiske helsa vår.

 

Personar med psykisk funksjonsnedsetjing er ei gruppe med store sosiale forskjellar. Nokre har ein slik diagnose at dei gjennom legen sin får den behandlinga og oppfølginga dei treng, og kan fortsette med utdanning eller vere i jobb. Andre kan trenge innlegging på institusjon eller behandling i lang tid. I slike tilfelle er personen ofte ikkje i jobb. Mange med alvorlege psykiske diagnosar har derfor fått innvilga uføretrygd. Å leve på trygd vil ofte seie at ein ikkje har noko særleg med pengar til overs når husleige, mat og nødvendige utgifter er betalte. Ein del har ikkje råd til å delta på fritidsaktivitetar, som for eksempel kino, teater eller fotballkampar.

 

Mange som har ei psykisk liding, slit med ulike former for avhengigheit. Det vanlegaste er røyking, som fort kan bli ein stor utgiftspost. Andre kan vere avhengige av spel, medisinar, alkohol eller andre rusmiddel. Avhengigheit fører til at ein trong økonomi blir enda dårlegare.

 

For personar med ei psykisk funksjonsnedsetjing er føreseielege vilkår ein føresetnad for all aktivitet. All informasjon bør vere skriftleg fordi det opplevest som trygt og sikkert, og den må vere klar i god tid. Opplys om arrangement, kvar dei skal vere, klokkeslett, kva det kostar, og om det er påmelding. Skriv på namnet og telefonnummeret ditt om nokon skulle ha fleire spørsmål. For denne gruppa opplevest det som veldig utrygt å ta ting på sparket. Det kan hende at dei ikkje kjem viss dei er usikre på kva som skal skje.

 

Aktivitetar

Blomster_72 dpi.jpg
Stelle med blomstrar er avslappande og roande.
Foto: Stocksnapper | Dreamstime.com.

Her er nokre forslag til aktivitetar for personar med psykisk funksjonsnedsetjing:

  • Ny teknologi: Internett, nettbank, smarttelefon, musikk, film, spelkonsoll, Spotify.
  • Hobby: strikking, hekling, snikring, støype lys, lage glassmykke. Motiv til aktivitet.
  • Måling: måling på porselen, tre, silke, papir eller lerret. Dekorere ein vegg eller eit rom.
  • Kognitiv aktivitet Kortspel, Yatzy, konkurransar, rebus, kryssord, sudoku, puslespel, bingo.
  • Fysisk aktivitet: Trening, svømming, gå tur, boccia, bowling
  • ADL: Lære hygiene, matlaging, kost og ernæring, handle, vere i forsamlingar
  • Sosiale ferdigheiter Felles kaffipause, bygge nettverk, ta buss. Treng nokon støttekontakt?
  • Turar og festar: Mange vil gjerne delta viss vi organiserer.

 

Viktig for aktivitøren

I arbeidet med personar som har psykiske funksjonsnedsetjingar, er dialog og samtalar ein viktig del av samværet, både i éin-til-éin-situasjonar og i grupper. Ein uformell prat i gruppa over ein kaffikopp kan vere vel så viktig som ein prat på tomannshand. Fordi mange har eit avgrensa nettverk, er det viktig å legge vekt på sosial samhandling mellom dei som nyttar seg av opne treffstader. Eit godt nettverk av venner, familie og kontaktpersonar er ei god forsikring mot dårlegare psykisk helse.

 

Ver merksam på at nokre av dei som slit psykisk, ikkje ønsker kroppskontakt. Stort sett alle aksepterer å handhelse på andre, men ein klem eller eit klapp på skuldra synest somme blir for nærgåande.

 

Aktivitetar må ikkje koste så mykje. Aktivitøren kan søke kommunen, stiftelsar, lag eller foreiningar om økonomisk støtte til aktivitetar. Er søknaden godt grunngitt, er sjansen god for få innvilga dei pengane det er søkt om.