Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Aktivitetsløype

 

Ringspel_72 dpi.jpg
Ringspel kan vere ein flott post i ei aktivitetsløype.
Foto: Eva Austad.

Aktivitetsløyper kan vere svært mye forskjellig. Dei kan vere ute eller inne, dei kan vere lagde opp som ein rebus der vi må finne neste post, eller som poster langs ein veg eller sti som vi skal gå. Dei kan være postar der vi skal gjere noko, gjette noko eller finne svaret på noko.

Pass på at løypa er passe utfordrande til dei som skal bruke den. Lag gjerne postane svært ulike slik at det blir litt spennande.

 

Aktivitetsløype inne

I ein gymsal kan vi ha fleire postar, for eksempel å kaste ball i ei korg, hoppe tau, balansere på bom, stupe kråke, kaste på blink eller bruke rokkering. Løypa kan også være slik at vi ikkje skal trakke på golvet, men bruke ribbevegg, tau, bom, matter osb.

 

Vi kan også ha løype inne i huset, med ein post i kvart rom.

 

Aktivitetsløype ute

Lag postar med bilde som spør etter namnet på for eksempel ulike bilmerke, blomar, fuglar eller dyr. Om brukarane skal gi alternative svar må vi avgjere ut frå funksjonsnivået deira og formålet med løypa.

 

Kvar post kan også vere slik at vi skal finne fram til ein bokstav, slik at alle bokstavane til slutt skal gi eit løysingsord.

 

Aktivitetsløype ute kan mange av dei same postane som i ein gymsal. Vi kan også springe om kapp, klatre i tre, hoppe på éin fot eller bare gjette svaret på eit spørsmål.

 

Ha gjerne nokre postar der ein skal gjette kva ein gjenstand er, berre ved å kjenne på den. Da må gjenstanden ligge i ein konvolutt eller i ein lukka pose. Vi kan gjette kot mange kuler eller makaroni det er i eit glas, eller kor langt det er frå eit tre til eit anna.

 

Rebusløype

Her er det løysinga på postane som fortel kor neste post er.  Det kan også vere slik at postane har spørsmål som ein skal svare på, og at ein då får vite kor ein kan leite etter neste post.