Aktivitørfaget
Mål for opplæringa
Foto: Cristi111, Dreamstime. |
Dette hovudområdet omfattar administrering, kvalitetssikring og dokumentasjon av aktiviseringsarbeidet. Målsetjing og planlegging, kritisk refleksjon og vurdering knytt til aktiviseringsarbeid er ein del av hovudområdet. Lærlingen skal lære å bruke digitale verktøy ved rapportskriving, han/ho skal lære om planarbeid og føring av statistikk og lære å skrive søknader og bestillingar. Kunnskap om prissetjing, marknadsføring og økonomi inngår i hovudområdet. Lærlingen skal lære seg å følgje rutinane og det gjeldande regelverket knytt til personvern og helse, miljø og sikkerheit
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
- administrere og dokumentere aktiviseringsarbeidet i tråd med måla til verksemda
- gjere greie for og grunngi målet med aktiviseringsarbeidet
- dokumentere og vurdere verknader av aktiviseringstiltak for brukarane
- planleggje nye aktivitetar ut frå dokumenterte funksjonsendringar hos brukaren
- setje opp budsjett og rekne ut materialforbruk og pris på aktivitetar og produkt
- bruke digitale verktøy i eige arbeid ved planlegging, statistikk og rapportering, marknadsføring og innhenting av relevant informasjon
- gjere greie for og følgje gjeldande regelverk knytt til aktivitørfaget i tråd med kvalitetssikring, helse, miljø og sikkerheit
Kjelde: Utdanningsdirektoratet.