|
Foto: Eva Austad. |
Elevane arbeider to og to. Bli einige om kven som skal bli mata først.
Etter at matinga er ferdig, byter de rollar.
Den som blir mata:
- Skal bruke sovemaske.
- Skal berre bruke teikn og gester når de kommuniserer.
Den som matar:
- Vask hendene før du startar med matinga.
- Fortel heile tida kva mat du gir og at det kjem meir mat.
- Hugs å veksle mellom mat og drikke.
- Sjå etter teikn på at personen har svelga det du serverer (sjå om vedkomande har tygd ferdig, sjå på halsen om vedkomande svelgjer).
- Ikkje mat for fort, og ikkje for seint.
Utstyr som trengs:
- Tallerkar, glas, skeier og serviettar.
Forslag til mat og drikke:
- Vatn.
- Yoghurt.
- Saltstenger.
- Frukt oppskornet i bitar.
Refleksjon:
Korleis var det å bli mata? |
|
Var det skilnad på kva type mat det var? Kvifor? |
|
Korleis var det at nokon gav deg vatn? |
|
Korleis var det å mata andre? |
|
Var det skilnad på kva type mat det var? Kvifor? |
|
Korleis var det å gi nokon vatn? |
|
Kva var det vanskelegaste med denne oppgåva? |
|
Kva var det lettaste med oppgåva? |
|
Er det noko du ville ha gjort på ein annan måte dersom du skulle ha gjort dette ein gong til? Kvifor? |
|