Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Gjenbruk

 

Gjenbruk betyr at vi bruker noko som er brukt tidligare. Ofte har vi fått det gratis eller svært rimeleg. For tida er gjenbruk ein svært populær trend. Det fins eigne butikkar og marknader som berre sel brukte klede, gjenstandar og møblar. Mange menneske gir også bort slikt dei  ikkje lengre vil ha.

 

Redesign

Redesign er en annan måte å bruke ting på. Då tar vi noko som tidligare er brukt og lagar eit nytt produkt av det, gjerne ved at vi set saman fleire ulike ting. Eit eksempel på det kan vere sofapute laga av gamle denimbukser, blonder og knappar.

 

Brukt emballasje er gratis, og vi kan for eksempel ha vår eigen kjøkenhage i vinduskarmen og dyrke gulrøter i store mjølkekartongar. Brukte beger yoghurtbeger er fine til å lage meisebollar i. Småfuglane set pris på det, det er ein fin aktivitet å lage bollane og vi får triveleg underhaldning utanfor vindauga.

 

Du kan lese meir om gjenbruksmaterialar på side 176 i Aktivitørens fagbok.

 

Sofapute 1_72 dpi.jpg Sofapute 2_72 dpi.jpg
Redesign: Sofapute av denimbukse. Foto: Eva Austad.

 

Ved å setje saman ulike ting, kan vi lage eit nytt produkt. Lim saman to fine brukte tallerkar med et lekkert stetteglas i midten, og vi har eit helt nytt stettefat. Ved å bruke tre tallerkar og to glas blir fatet ekstra høgt og lekkert. 

 

Gjenbruk av papprøyr

Barn er glade i å lage ting. Kjernen frå ulike rullar kan bli til mykje fint når barna får sleppe laus fantasien. Her er eit eksempel på kjernen frå ein rull med toalettpapir før og etter dekorering.

 

Stettefat_72 dpi.jpg Papprullar_72 dpi.jpg
Redesign: Stettefat. Gjenbruk av papprøyr.
Begge foto: Eva Austa.