Aktivitørfaget
Brette A4-ark til ein kube
Framgangsmåten kan også lastast ned som pdf-fil (bokmål).
Framgamgsmåte:
|
Bruk eit A4-ark, gjerne kopipapir med farge. |
|
| Brett arket midt på og brett det ut igjen. | |
| Snu arket slik at langsida ligg mot deg og brett arket på nytt i to. |
|
| Brett arket heilt ut igjen. | |
| Legg arket i ståande format mot deg og brett inn den eine halvparten mot midten. |
|
| Brett den andre halvparten inn mot midten. | |
| Snu arket med brettingane ned mot bordplata. | |
| Brett øvste høgre hjørne inn mot midten. | |
|
1) Brett hjørnet på motsett side nedsttil venstre inn mot midten. Slik: |
|
|
2) Brett nedste høgre hjørne oppover og inn mot midten. Slik: |
|
|
3) Brett øvste hjørne til venstre ned og inn mot midten. Slik: |
|
|
4) Snu heile arbeidet med flikane ned mot bordplata. |
|
| 5) Lag seks stykke i ulike fargar eller i mønstra papir. | |
| 6) Brett fliken litt ut igjen slik som på biletet. Gjer klar til å setje saman kuben med alle dei seks bretta delane. |
|
|
7) Start med å setje fliken frå førre bilete inn i neste |
|
| 8) | |
|
9) Drei arbeidet mot venstre og set inn neste flikdel i |
|
|
10) No formar dei tre delane ei tett kvadratisk flate |
|
| 11) Snu arbeidet slik at den ferdige sida blir ståande. | |
|
12) Hald fram med å å putte neste del inn på ledig side på |
|
|
13) Snu arbeidet mot venstre igjen. Slik: |
|
| 14) Set inn del nr. 5 på motsett side i opninga. | |
| 15) Hald fram med å dreie og putt nye delar inn i ledige opningar. | |
| 16) Snu arbeidet på hovudet og smett på plass siste arket/delen. | |
| 17) Deretter smetter du på plass alle flikane som har gøymt seg inni, eller stikk ut frå, kuben. |
|
| 18) Kuben er ferdig. Den kan hengast i vindauget eller i rommet til pynt. Fest ei fiskesene i eit hjørne og heng opp. Den kan også brukast som terning dersom du skriv tal på den. |
Alle foto: Inger Melby.