Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Fysisk funksjonsnedsetjing

Ei fysisk funksjonsnedsetjing er for eksempel nedsett rørsle-, syns- eller høyrselsfunksjon. Det kan vere at personen bruker hjelpemiddel som krykkjer, rullestol – eller har ein førarhund. I slike tilfelle er det lett for omgivnadene å oppdage og eventuelt tilby seg å hjelpe til viss det skulle vere behov for det.

 

Ikkje alle funksjonsnedsetjingar visest utanpå, og fleire sjukdommar kan føre til ei ikkje-synleg funksjonsnedsetjing. Det kan for eksempel vere epilepsi, diabetes, allergi, hjarte- og lungesjukdommar eller ein hjerneskade.

 

Erverva hjerneskade

Vi kallar det erverva (fått) hjerneskade dersom skaden oppstår etter at hjernen har utvikla seg normalt ein periode. Skaden må skje etter fylte eitt år.

 

Vi skil mellom traumatiske og ikkje-traumatiske skadar. Epilepsi er ein sjukdom som kan oppstå etter alle typar hjerneskadar, fordi ein hjerneskade aukar risikoen for å få eit epileptisk anfall.

 

Traumatisk hjerneskade kjem frå ein ytre påverknad mot hovudet. Det kan for eksempel vere eit slag eller ein støyt. Dei vanlegaste årsakene er ulykker i trafikken, i fritida, idrettsulykker eller arbeidsulykker. Vaksne blir oftast skadde i trafikken, mens barn ofte blir skadde i sport eller fritidsaktivitetar.

 

Ikkje-traumatisk hjerneskade kan komme av sjukdommar i eller utanfor hjernen. Sjukdommar som forårsakar hjerneskade, kan vere hjernebløding eller hjernesvulst. Hjernen kan også få surstoffmangel som følgje av kveling og nesten-drukning. Forskjellige typar forgiftningar kan gi hjerneskade som igjen fører til kognitiv svikt.

 

Aktivitetar

Ping Pong_72 dpi.jpg
Ping pong-spelarar. Foto: ScanStockPhoto, Radu Razvan.

Her er nokre forslag til aktivitetar:

  • Fysiske aktivitetar: Dei fleste aktivitetar er moglege med god planlegging og tilrettelegging. Ver gjerne ute. Spele boccia, krokket eller kubb. Gå tur, sykle, eller gå på treningssenter. Bruke gangbane, ribbevegg eller klatrevegg.
  • ADL: Lage mat eller bake. Lære om reinhald og hygiene.
  • Kognitive ferdigheiter: Spel, quiz, kryssord, sudoku, puslespel, bowling.
  • Kulturellle aktivitetar: Gå på kino, teater, konsert, utstillingar, messer, marknad, eller fotballkamp.
  • Sosialt: Samtalar både i grupper og éin til éin, kaffikos.
  • Musikk og dans: Dei fleste er glad i musikk og dans, enten som utøvar eller som tilhøyrar/tilskodar.
  • Turar: Bading, fisking, sopptur, bærtur, båttur, skitur, sydentur. Berre fantasien set grenser når det gjeld turmål.

 

Viktig for aktivitøren

Fysiske funksjonsnedsetjingar kan vere så mykje forskjellig, og dei opptrer ulikt frå person til person. Som aktivitør må du bli godt kjent med kvar enkelt brukar og kartlegge deira BRIF (behov, ressursar, interesser og funksjonsevne). Tenk på det som er mogleg og ikkje på det som set grenser. Brukarmed­verknad er ein føresetnad for eit godt resultat. Det er brukaren som er eksperten på seg sjølv.

 

Mange funksjonsnedsetjingar har sin eigen organisasjon. Der kan du hente kunnskap og idear. Viss brukaren er medlem i ein slik organisasjon, får vedkommande eit større nettverk, og tilgang til alle tilbod som organisasjonen har. Synshemma kan for eksempel abonnere på avisa Klar tale. Blinde og svaksynte kan få lydbøker sendt gratis heim til seg. I nokre byar kan også ein bibliotekar komme heim til dei som har behov for det.

 

Sjekk om brukarane har behov for følgjebevis og eller drosjekupongar. Dei kan gjere mange aktivitetar mykje enklare.

 

Jobben som aktivitør er å hjelpe brukarane å få vite om tilbod som finst også andre stader. Bruk Internett, aviser, bibliotek og organisasjonar. Aktivitetar er ein stor del av nettverksbygginga. Det gir brukarane mange kontaktar og moglegheit til å ha eit så normalt liv som råd er.