Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Multifunksjonsnedsetjing

Uten venner_72 dpi.jpg
Ikkje alle har lett for å skaffe seg venner.
Foto: ScanStockPhoto, Horst Schwerthalter.

Multifunksjonsnedsetjing er ikkje ein diagnose, men eit uttrykk for store og samansette vanskar der fleire funksjonar er nedsette. Ofte er det stor kognitiv svikt og motoriske (rørsle-) vanskar kombinert med syns- og/eller høyrselstap. I tillegg kan det vere somatiske (kroppslege) sjukdommar.

 

Slike omfattande funksjonsnedsetjingar påverkar evna til samspel og kommunikasjon. Brukaren treng derfor tilretteleggingar til alle aktivitetar og for å kunne kommunisere med andre. Personar med multifunksjonsnedsetjing har stort behov for pleie og omsorg. Dei vil ha behov for tilrettelegging og hjelp på dei fleste områda heile livet.

 

Årsakene til ei multifunksjonsnedsetjing kan vere genetiske, eller dei kan vere utløyste av skade eller sjukdom. Omfanget av funksjonsnedsetjinga og korleis ho artar seg, er heilt forskjellig frå person til person. Derfor må alt tilpassast og tilretteleggast til kvart enkelt individ. For denne gruppa er det ofte éin-til-éin-aktivitetar som er mest eigna, gjerne aktivitetar som gir ei god oppleving i kvardagen.

 

Viktig for aktivitøren

All erfaring viser at informasjon og ei open haldning rundt dei ulike diagnosane bidrar til å minske fordommar og mistydingar. Hugs på teieplikta og snakk berre generelt om diagnosen. Det går an å spørje om personen sjølv ønsker å fortelje korleis det er å leve med diagnosen.