Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Julequiz

Pepperkakehus_dreamstime_Kati Molin_17816778.jpg
Foto: Kati Molin | Dreamstime.

1. Frå kva julesong er dette henta: Heisan og hopsan og fallerallera! Om julekvelden då skal alle saman ...

2. Kva land sier «God Jul» på denne måten: Glædelig jul.

3. Det første juletreet som vi veit om blei pynta i Tyskland. Kor gammal er skikken med juletre?

4. St. Lucia er skytsengel for synet og lyset. Kva dato feirer vi Luciadagen?

5. Dei tre vise menn hadde med gåver til Jesusbarnet. Kva gåver hadde dei med?

6. Snø er et naturfenomen. Korleis blir snøen til?

7. Det skal bakast mykje til jul. Kva kakesort er forma som ei rombe?

8. Julenissen har reinsdyr som drar sleden. Kva heiter det reinsdyret som går først?

9. Advent er ventetida før jul. Kor mange søndagar er det i advent?

10. Vekedagen for julafta varierer frå år til år. På kva vekedag fell 24. desember i 2015?

11. Vi har mange offisielle flaggdagar i Noreg. Er 24. desember ein offisiell flaggdag i Noreg?

12. Ordet "kakelinna" høyrer til førjulstida. Kva betyr "kakelinna"?

13. Når opnar dei julegåvene i England?

14. Tjuandedag jul er 13. januar. Hva sa gammal skikk at ein skulle gjere då?

15. Mange dyr går i dvale om vinteren. Kva for eit av desse dyra går ikkje i dvale om vinteren?