Dette er ei øving i å omsetje en matoppskrift til bilete og teikningar slik at den blir forståeleg for dei som ikkje kan lese.
- Du skal lage ei oppskrift på grønsaksuppe ved hjelp av teikningar eller bilete.
- Gå gjennom heile oppskrifta trinn for trinn, og vis mengdene ved hjelp av tal og bilete. Vis også kva utstyr som skal brukast. Se eksempel på side 265 om arbeidsteikning i læreboka.
- Liker du å teikne, kan du lage enkle strekteikningar som er lette å forstå. Eller du kan finne passande bilete på Internett.
Oppskrift på grønnsakssuppe:
Tal på personar: 4
- 4 poteter
- 2 gulrøter
- 1 purre
- 1 løk
- 1 liter vatn
- 2 stk grønsaksterningar (buljong)
- 2 ss finhakka persille
- salt og pepper
Skrell potetene og kutt dei i terningar. Skjer løk, gulrot og purre i skiver. Kok opp vatn saman med buljongterningane. Ha i grønsakene og la suppa koke til grønsakene er blitt møyre. Smak til med salt og pepper. Dryss over med finhakka kruspersille til slutt.
Notat: