Aktivitørfaget
Aktivitetar
Moro å trene balanse i huska. Foto: Eva Austad. |
Her er nokre forslag til aktivitetar for barn:
- Trene ferdigheiter: knyte sko, knappe knappar, bruke glidelås, dele, samarbeide, vente på tur
- Trene finmotorikk: legge perler, knyte sko, klippe, lime, leike med Lego.
- Koordinere: svømme, hoppe tau, sykle
- Konsentrasjon: legge puslespel, klippe, leike gøymsel, spele ulike spel, lære bokstavar og tal
- Grovmotorikk: kaste eller sparke ball, bygge med store klossar, springe, stort sett all fysisk aktivitet
- Balanse: hoppe paradis, balansere, gå gjennom hinderløype, sykle, disse, bruke skateboard
- Språk og uttale: spele bildelotto, mime, teikne, gå aktivitetsløype, beskrive noko, lære bokstavar
- Vere roleg: lese sjølv eller høyre på høgtlesing
- Taktile ferdigheiter: ta på ting med ulike overflater og former. Putt gjerne noko i ein pose så barna kan gjette.
- Dyr: Kontakt med dyr lærer oss å vise omsorg og ta omsyn til andre. Hugs å sjekke om nokon har ein allergi mot dyr.
Legg opp aktivitetane slik at dei opplevest som leik, og ikkje som trening.