Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Fysisk funksjonsnedsetjing

Nedsett fysisk funksjon er ei langvarig og alvorleg nedsetjing av funksjonsevna på grunn av sjukdom, skade eller medfødde feil. Det er noko som er varig. Kortvarige skadar som fører til forbigåande funksjonstap, kjem ikkje inn under det vi kallar funksjonsnedsetjing.


Etter denne definisjonen må vi sjå nedsett funksjon ut frå det samfunnet personen lever i. Difor kan vi ikkje berre tenkje på funksjonstap, lyte eller manglar hjå personen, men også på kva som går an å gjere med omgivnadene for å redusere den nedsette funksjonen. Vanlegvis oppfattar vi nedsett funksjon som synlege skadar, til dømes skadar i føter og armar, og alvorlege sansehemmingar.

Ordsky08.jpg