Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Naturmaterialar

Treverk

Selje: Selja kan brukast til for eksempel riveskaft og pyntegjenstandar.

Pil: Vi kan lage skulpturar, portalar, bedkantar, hekkar og klatrestativ til andre planter. Pil kan brukast til fletting av ulike slags korger til oppbevaring. Lag pynt, slik som kransar og hjarte som kan hengast både ute og inne.

Einer: Eineren kan vi skjere i skiver på tvers av veden, pusse og setje dei saman til bordskånarar eller lage knappar av dei. Vi kan dele opp veden på langs og skjere, spikke og pusse til smørjeknivar.

Spon er tynne skorne remser frå furu, og dei blir brukte til å flette korger og til dekor.

Hobbyplater kan brukast til hyller, skap, brødfjøler, nøkkelskap, fuglebur eller olabil.

Sponplater eignar seg helst til produkt som skal brukast inne, for eksempel hyller, skap, bord og seng.

Finerplater, også kalla kryssfiner , blir gjerne brukte til småmøblar, fuglehus eller dokkehus. Produkta kan målast, beisast og dekorerast.

 

Andre naturmateriale

Stein_72 dpi.jpg
Stein kan brukast til mykje, for eksempel
til namneskilt av stein og cernitleire.
Foto: Eva Austad.

Stein kan brukast til skulpturar og relieff. Steinprodukt kan polerast og brukast som smykkesteinar, og vi kan bruke dei til dekorasjonar eller når vi skal lage ei utstilling.

Skjel kan brukast til bilde, dekorasjonar på bord, på veggen eller til utepynt. Kombiner gjerne med andre materiale.

Tang kan tørkast og brukast i materialbilde og i dekorasjonar.

Lyng og bær. Bær plukkar vi mest for å lage syltetøy, saft og vin. Men rognebær og nyper eignar seg også fint som eit dekorativt innslag på bordet eller ved inngangspartiet.

Nøtter, frø og frøkapslar. Dei kan vere fine i dekorasjonar og oppsatsar, eller i materialbilde.

Sopp. Farging av garn med sopp er morosamt og gir fine duse fargar på garnet til strikke- og heklearbeid.

 

Metall

Kopar kan vi bruke til smykke og ringar, brosjer, armband eller kjeder. Koparrøyrer er lett bøyelege og kan brukast til for eksempel enkle lysestakar.

 

Tekstilar

Restar stoff og garn. Restar av stoff kan bli til små produkt eller setjast saman med lappeteknikk og syast til nye produkt. Restar av garn kan utnyttast til småprodukt, for eksempel pongpongar, eller dei kan bli til fargerike strikke- og hekleprodukt.

 

Tau, hamp, skinn og lêr

Hud, skinn og lêr. Aktivitøren kan legge til rette for å lage smykke, vesker, pyntegjenstandar og adresselappar. Vi kan lage skinnsnorer eller kjøpe dei ferdige. Dei er fine til flettingar og til å henge smykke i.

 

Gjenbruk

 Det du ikkje treng sjølv kan komme til nytte for andre:

Kjelde: YouTube, ARENDAL UN-CITY TV.