Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Idébank for aktivitetar

 

Det er naturleg for alle å vere i aktivitet. Dersom det ikkje er mogleg for oss å halde på med noko, blir vi passive, og etter kvart vil vi mistrivast. Brukarane våre greier ikkje alltid å aktivisere seg sjølv og må derfor ha hjelp til å komme i gang.

 

Alle menneske treng å omgåast andre og ha eit sosialt nettverk rundt seg. Gjennom aktivitet kan vi hjelpe brukarane til å ta vare på nettverket sitt eller bygge opp eit nytt nettverk.

 

Vi kan bruke aktivitetar til å gjere det mogleg for brukarane å uttrykke kjensler eller utfolde seg fysisk. Nokre brukarar har behov for å vise omsorg, og dei må få arbeidsoppgåver som lar dei hjelpe andre menneske.

 

 

Ordsky B_4.jpg