Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Fibromyalgi

Fibromyalgi.JPG

Fibromyalgi er ein heller ny diagnose innan medisinen. Årsaka er ukjend, men det kan dreie seg om langvarige psykiske og fysiske overbelastningar.

Noreg har dei høgaste førekomstane av fibromyalgi i verda, og om lag 90 % av dei som får diagnosen er kvinner.

Kjenneteikna er kroniske muskelsmerter i store delar av kroppen. Tilstanden blir verre med tida, og smertene er tunge å leve med. I tillegg blir ein plaga med hodudverk, søvnproblem og humørsvingningar. Kroppen kan hovne opp, ein kan bli nummen og få synsforstyrringar. Symptoma blir verre ved auka stress, trøttleik, svimmelheit, kvalme, utmatting, konsentrasjonsvanskar, angst og uroleg mage.

Dersom det fins 11 av dei 18 punktene som vist på figuren, er diagnosen stadfesta.

Det er belastande med kroniske smerter, og det fører til fleire kroppslege reaksjonar og  til stressopplevingar, indre uro og spenningar, og søvnen blir forstyrra. Dei fleste opplever at smertene aukar ved fysiske belastningar, og det kan føre til redusert fysisk aktivitet.

Personar med fibromyalgi er kjende for å stå på og jobbe hardt, men desse positive eigenskapene er belastende dersom ein føler at ei ikkje strekk til eller får gjort det som var planlagt.

 

Viktig for aktivitøren:
Det er viktig å ha eit sunt og godt kosthald. Det er viktig å få i seg omega-3 fettsyrer gjennom feit fisk eller som kosttilskot. Antioksydantar medverkar til generell betre helse. Kombiner gjerne godt kosthald med tur i skogen for å plukke blåbær.
Trening er viktig, og ein spasertur kvar dag er bra. Uthaldstrening er den treningsforma som har gitt best resultat for dei med fibromyalgi. For personar med ekstrem smerte er trening i varmtvassbasseng bra. Det reduserer smerten og ein kan derfor trene med litt høgare intensitet. Det lønner seg å starte roleg og la smerten avgrense kor hardt kvar einskild skal trene.
Sidan smertene aukar når det er kaldt, er det viktig å kle seg godt, helst med ull både på spaserturar og på trening.

 

Les meir om fibromyalgi.