Lag samtalekort som kan brukast til minneaktivitet med demente. Bruk ulike tema frå 1940-talet til 1970-talet. Storleiken på korta kan vere om lag 10 cm x 14 cm.
Bilete:
- Bruk tydelege bilete med klare gode fargar.
- Vel minst fire ulike tema.
- Lag minst fem ulike bilete frå kvart tema.
- Skriv tema og hva biletet førestiller på baksida av kortet.
- Laminer korta.
Innlevering:
Korleis tenkjer du deg å bruke korta i aktivitørjobben din? Kom gjerne med fleire forslag (250–300 ord).
Forslag til tema: Kjende personar, klede, bilar, inventar, høgtider, møblar, skole, kjæledyr.
Notat: