Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Kreativitet

 

Assosiasjon_72 dpi.jpg
Kva tenkjer barna på når dei ser ordet "glede"?
Foto: Eva Austad.

Dei fleste barn likar å vere kreative. Teikning og maling er fine aktivitetar for å uttrykkje kjensler. Barna kan få eit tema til inspirasjon, eller dei kan lage det dei har lyst til.

 

For eksempel med ein rull gråpapir kan alle lage sin del av eit stort bilete. Ei stor pappøskje kan bli svært fin når barna har dekorert den med fingermaling.

 

En annan måte er å brette eit ark på midten og male litt på berre den eine delen. Når vi så brettar arket forsiktig saman, får vi likt mønster som er spegelvend på den andre sida.

 

Dersom vi arbeider med større barn eller ungdom, kan vi ha eit stort A1-ark i stiv papp og skrive tema midt på arket. Då kan alle male det dei knyter til det temaet som vi skriv. Sett fram bare primærfargar.

 

Lage og dekorere er også aktivitetar som mange liker å halde på med. På biletet nedanfor har ein førsteklassing dekorert ein boks til å oppbevare småsaker i.

 

Dekorert øskje_72 dpi.jpg
Foto: Eva Austad.