Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Epilepsi

Ein ung person som er mykje plaga av epilepsi, fortel dette:


Søvn er svært viktig for personar med epilepsi, nok søvn kan hindre fleire anfall. Vi har trøttleik som kjem av fysiske aktivitetar, som gymnastikk o.l., og vi har trøttleik som kjem av at ein har konsentrert seg lenge. Personar med epilepsi reagerer svært ulikt på desse typane av trøttleik. Ofte er det konsentrasjonen som gjer en person med epilepsi mest trøytt. Det å skulle høyre etter og bruke sansane , for så å hugse meldingar, er ofte ein større jobb en den fysiske handlinga.


Sjølv om ein har et absensanfall på fem sekund, så krev det mykje å kome inn i samtalen igjen. Når ein har slike små anfall, er det ofte ingen som merkar det. Men den som har anfallet må likevel hente seg inn ved på nytt å observere, bruke sansane og ikkje minst setje hjernen i arbeid for å finne ut kva som skjedde før desse fem sekunda. Og det er trøttleiken etter dette som er mest farleg.


Ein person med epilepsi må ikkje nødvendigvis ha kortare arbeidsdagar eller lengre pausar, men treng ofte fleire korte pausar. Stress, lite søvn og å bli hindrai å ta medisinane til rett tid, er det verste som kan skje ein person med epilepsi.

Epilepsihund.jpg
Epilepsihund med alarm som er kopla direkte til alarmsentral.
Foto: Wikimedia Commons, Elisabeth Magnusson Rune.