Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Øving i mating

Mating_72 dpi.jpg
Foto: Eva Austad.

Elevane arbeider to og to. Bli einige om kven som skal bli mata først.

Etter at matinga er ferdig, byter de rollar.

 

Den som blir mata:

  1. Skal bruke sovemaske.
  2. Skal berre bruke teikn og gester når de kommuniserer.

 

Den som matar:

  1. Vask hendene før du startar med matinga.
  2. Fortel heile tida kva mat du gir og at det kjem meir mat.
  3. Hugs å veksle mellom mat og drikke.
  4. Sjå etter teikn på at personen har svelga det du serverer (sjå om vedkomande har tygd ferdig, sjå på halsen om vedkomande svelgjer).
  5. Ikkje mat for fort, og ikkje for seint.

 

Utstyr som trengs:

  • Tallerkar, glas, skeier og serviettar.

 

Forslag til mat og drikke:

  • Vatn.
  • Yoghurt.
  • Saltstenger.
  • Frukt oppskornet i bitar.

 

Refleksjon:

Korleis var det å bli mata?
Var det skilnad på kva type
mat det var? Kvifor?
Korleis var det at nokon
gav deg vatn?
Korleis var det å mata andre?
Var det skilnad på kva type
mat det var? Kvifor?
Korleis var det å gi
nokon vatn?
Kva var det vanskelegaste
med denne oppgåva?
Kva var det lettaste
med oppgåva?
Er det noko du ville ha gjort
på ein annan måte dersom
du skulle ha gjort dette ein
gong til? Kvifor?