Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Dekormaterialar frå naturen

 

Kvitveis_72 dpi.jpg
Den første kvitveisen om våren. Foto: Trond Soldal.

Små daglege turar gjer godt for mykje. Vi kjem ut i frisk luft og får fin mosjon. Ut å gå er sosialt og set dei fleste i godt humør. Kombiner gjerne turane med å plukke eller finne noko som kan brukast til pynt når vi kjem heim. Då har vi framleis den gode kjensla av tur medan vi pyntar med det vi har funne.

 

Året rundt

Året rundt kan vi finne tørre kvistar og kongler. Særleg etter at det har vore kraftig vind er det lett å finne. Bork og never kan vi også finne året rundt.

 

Våren

Om våren kan vi plukke dei første vårblomane eller plukke kattlabbar (gåsungar) frå seljetre. Også bjørkekvistar er fine å ha i vase når dei sprett ut. Ha gjerne nokre påskeliljer saman med bjørka.

 

Sommaren

Utover sommaren og hausten kjem det stadig nye blomar som er kjekke å plukke med seg inn.

Plukk gjerne fine steinar. Dei kan ligge som pynt i vindaugskarmen eller brukast i dekorasjonar. I fjøra fins steinar som er slipt runde og glatte av vatnet. Der kan vi også finne rekved, skjell og tang.

 

Snow Berry_72 dpi.jpg
Snøbær. Foto: ScandinavianStockPhoto, MTJ.

Hausten

Om hausten kan vi plukke rognebær og nyper. Tyttebærlyng tek seg bra ut i ei låg skål. Røsslyng held seg fint heile vinteren, den treng ikkje å vatnast. Vi finner blader frå trea, med har nydelege haustfargar. Dei er flotte og leggje på ein einsfarga lys duk. Strå og korn er svært dekorative å ha i vasar. Hugs å plukke så mykje at de har til å lage dekorasjonar til jul. Mose passar i dekorasjonar, og den kan vi lett plukke sjølve. Røter og kvistar er fine å lage dekorasjonar av.

Snøbær er ein vanleg prydbusk som er fin å pynte med. Busken har små runde kvite kuler som er svært dekorative. Kulene kan også brukast til smykkeperler.