Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Praktisk oppgave

Gryteunderlag i tre

 

Praktisk oppgave i aktivitørfaget

Fag: Aktiviseringsfag

Tema: Gryteunderlag i tre

Arbeidsform: Produksjonskjede

 

Læringsmål
  • Gjennomføre og vurdere aktiviseringsprosessar.
  • Bruke arbeidsteikning og forstå framgangsmåten i ei produksjonskjede.
Oppgåvetekst

Gruppa skal saman produsere åtte gryteunderlag

Framgangsmåte:

  1. To personar måler opp og merker av i alt 56 stk. furulister (0,9 cm x 2cm) 16 cm lange.
  2. Ein person sagar opp alle dei 56 oppmålte listene.
  3. Ein person merker av kor hola skal vere i endane på kvar list.
  4. Ein person borer opp dei oppmerka hola på alle listene.
  5. Fire personar pusser alle listene med sandpapir.
  6. Ein person klipper opp bomullsgarn 12/6 i ein meters lengder (8 stk.), og trer to treperler inn på snora av bomull.
  7. Ein person trer endane av bomullssnora gjennom list nr. 1.
  8. Ein person trer e treperle i kvar ende av bomullssnora.
  9. Ein person (same som i ledd 6) trer endane av bomullsgarnet gjennom list nr. 2.

Gjenta ledd 7 og 8 til det er sju lister med perler mellom og to perler til slutt. Knyt endane på bomullssnora.

Rammer for oppgåva

Ca. tre skoletimar.

Verkstaden.

 

Materialar til eitt gryteunderlag

7 stk. trelister (0,9 cm x 2 cm) 16 cm lange

16 stk treperler med hull, diameter 16mm

1 m bomullssnor 12/6 (fiskegarn)

Sandpapir

 

Verktøy

Gjerdesag med anlegg, eller bandsag

Elektrisk boremaskin, gjerne i stativ

3,3 mm bor

Grov nål

Saks

 

Arbeidsteikning

Gryteunderlag.jpg

 

Last ned arbeidsteikninga som pdf-fil.