Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Faresymbol

Faresymbola er ein internasjonal standard som blir brukt for å opplyse om særskilde fysiske og kjemiske farar og effektar av kjemikal på helse og miljø. Symbola er piktogram  som alle kan forstå, som er lette å oppfatte og lette å hugse. I Noreg skal kjemiske produkt som inneheld farlege kjemikal over en viss mengd, ha faremerking på norsk.

I 2012 blei det innført nye faresymbol. Dei finn du i tabellen nedanfor. Du vil heilt sikkert framleis finne emballasje med dei gamle faresymbola.

FaresymbolNemningFaresetningar
GHS-pictogram-explos.svg Eksplosjonsfare Kan eksplodere i kontakt med eld, ved støyt eller friksjon.
GHS-pictogram-flamme.svg Brannfarleg Brannfarlege kjemikal
GHS-pictogram-bottle.svg Gassar under trykk Inneheld gassar under trykk
GHS-pictogram-rondflam.svg Oksiderande Kjemikal som ikkje sjølv treng vere brennbare, men som kan vere årsak til eller medverke til, vanlegvis ved å avgi oksygen, at andre materialar tek til å brenne.
GHS-pictogram-skull.svg Giftig Akutt giftig, små mengder kan vere årsak til livsfarleg forgiftning eller død.
GHS-pictogram-exclam.svg Helsefare Kan føre til betennelsesreaksjon i auge, på huda og i luftvegane. Relativt små mengder kan gi kroniske skader, forgiftning eller død.
GHS-pictogram-acid.svg Etsande Kan ved kontakt føre til varig skade på hud, svelg eller auge.
GHS-pictogram-silhouete.svg Kronisk helsefare Kan vere årsak kroniske skader.
GHS-pictogram-pollu.svg Miljøfare Utslepp kan føre til fare for miljøet.

Kilde: Wikipedia