Aktivitørfaget
Tova nisse
Å tove ein nisse tek fleire dagar fordi ulla må tørke etter den er ferdigtova og før hovudet kan gjerast ferdig. |
|
Først begynner vi med å legge ull på den runde plastbasen, som skal bli kroppen til nissen. Det er viktig å legge ulla i to lag, eitt vassrett og eitt loddrett lag slik at ulla kan «knyte» seg saman når vi tovar. |
|
Etter at ulla er lagt på den eine sida av basen, bløyter vi den og snur arbeidet til den andre sida. Deretter legg vi ulla på same måten, og bretter den rundt basen for å få den heilt rund. |
|
Når vi har bretta ulla rundt basen, legg vi ei syntetisk nylongardin rundt arbeidet for å halde den lause ulla saman medan vi tovar den strammare. Nylonet kan vere på slik at det er noko å halde i og slik at ulla ikkje flyttar seg. Når ulla er blitt stram og tova godt saman, er kroppen ferdig.
Hugs å vaske ut såpa av alle delane etter kvart som dei er ferdig tova. |
|
Når kroppen er ferdig tova, gjer vi akkurat det same med lua til nissen. Denne basen lagar to luer samtidig, så når arbeidet er ferdig tova klipper vi av på midten for å få to luer. |
|
For å lage hovudet, snurret vi ulla til ein ball og bløyter den med vatn og såpe. For å få det heilt rundt, ruller vi den i hendene slik vi knar ein bolle. |
|
Til skjegget, bruker vi ubehandla ull «rett frå dyret», som verken er vaska eller behandla på nokon som helst måte. Då legg vi den ubehandla ulla loddrett og børstar toppen som skal vere festa til nissen for å gjere den meir «ullete». Deretter legg vi litt grå-ull vassrett helt øvst på skjegget og tover for å halde det fast, som vist på biletet nedanfor. |
|
Så vaskar vi ulla forsiktig og legg den flatt til tørk for ikkje å miste den krøllete teksturen. Den tova delen av skjegget bretter vi inn mot haka til nissen og «nåler» fast med filting. |
|
For å lage ansiktet til nissen bruker vi ein teknikk som vi kallar filting. Då stikk vi ei nål med små tagger i ulla. Det knyter ulla, og etter som vi stikk blir ulla strammare. Dette gjer vi når ulla er heilt tørr.
For å lage nesa og kinna til nissen, ruller vi ei lita kule i ull og stikk fast til hovudet. Det same gjer vi med augo, berre mindre kuler. |
|
På lua til nissen bretter vi ein kant og stikk fast langs kanten. Då slepp vi å bruke limpistol, og vi unngår å grise til med lim. Skjegget stikk vi fast ved å brette den tova delen av skjegget inn mot hovudet til nissen, og stikk under skjegget. |
|
Klipp eit hol i botnen av den tova sirkelen for å få basen ut. Så fyller vi kroppen med vatt før vi syr holet saman. Deretter syr vi to «prikkar» for å gi meir dimensjon i kroppen, for då ser det ut som om nissen har ein mage og armer. |
|
Så limer vi hovudet til kroppen med limpistol. Og nissefar er ferdig! |
|
Bilete og oppskrift er laget av Sandra, elev på Vg2 Aktivitør ved Thora Storm videregående skole. |