Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Kols

Royke.jpg
Røyking kan føre til KOLS.
Foto: Darja Vorontsova | Dreamstime

Denne filmen på helsenett.no viser korleis det er å leve med kols.

Helsenett.no har også ein film om kols og trening.

 

Kronisk obstruktiv lungesjukdom, ofte forkorta til KOLS, er ein samlediagnose for ei rad nærskylde sjukdommar med kronisk og meir eller mindre irreversibel nedsetjing av lungefunksjonen. Diagnosar som høyrer til under denne samletermen inkluderer kronisk astmatisk bronkitt, kronisk bronkitt med obstruksjon, bronkiektasi og lungeemfysem.

KOLS blir ofte utløyst av vedvarande irritasjon av luftvegane. Den vanlegaste årsaka er tobakksrøyking, og tilstanden blir difor ofte kalla «røykjarlunge». Men sjukdommen kan òg vera arveleg.