Aktivitørfaget
Demente
Når en person begynner å bli dement, er dei første åra forbundne med uro og angst. Personen merkar at noko er forandra, men er usikker på kva det er. Fordi mange kan fungere godt i vanlege og kjente omgivnader, klarer dei å skjule begynnande demens ei god stund. Men etter kvart vil demensen vise seg ved manglande hygiene og at personen forandrar seg. Ting eller pengar blir forlagde, og ofte blir familie eller hjelparar skulda for å stele.
Ro og tryggleik er ein føresetnad for at demente skal ha ein god dag. Stress og uro gjer dei urolege, og nokre gonger aggressive. Som aktivitørar må vi tenke på at dei demente ikkje klarer å følgje med viss ting skjer fort, eller viss fleire ting skjer samtidig. Vi må snakke direkte til dei, og berre ein må snakke om gongen.
Mange demente brukarar er fysisk spreke og glade i å gå. Aktivitøren bør derfor tilby turar ut i nærområdet. Gå helst med éin brukar, da opplevest det trygt og godt. Vi kan rette all merksemda vår mot brukaren og delta i samtalen heilt på brukaren sine premissar. Jamlege turar vil gi brukaren ein betre livskvalitet både fysisk og psykisk. Kanskje gløymer vedkommande at vi har gått tur, men den gode kjensla som turen skapte, vil sitje i lenge.
Les i Aktivitørens helsefag om reminisens og validering, som er to forskjellige måtar å snakke med demente på. Begge måtane legg vekt på å vise den demente positiv merksemd og respekt.
Å kunne fortelje om barndom og ungdom gjer at demente får ei betre sjølvkjensle. Ver ein god lyttar og la brukaren ta den tida vedkommande treng til å fortelje. Etter kvart som demensen utviklar seg, begynner språket å forsvinne. Finn fram gamle ting som de kan snakke om, da er det lettare for den demente å finne orda. Finn ei songbok, eller set på en CD. Demente som ikkje lenger har språk, kan plutseleg synge heile songar som dei har lært som barn.
Aktivitetar
Demente er ofte fysisk spreke og glade i å gå. Foto: Alexander Raths | ScandinavianStockPhoto. |
Her er nokre forslag til aktivitetar:
- ADL: Dekke på og av bord, koste golv, tørke støv, henge opp og legge saman klede.
- Kognitive aktivitetar: Minneaktivitetar med gamle gjenstandar og bilde. Lag gjerne album saman med kvar enkelt.
- Musikk: Spel gammal musikk. Syng gjerne barnesongar. Dei fleste lærte mange songar på skolen. Songar som dei kjenner, verkar roande.
- Fysiske aktivitetar: Fellestrim, gå tur i nærmiljøet til skolen, barnehagen eller hagesenteret.
- Ny teknologi: Lag gjerne ei personleg speleliste på Spotify til dei som ofte er urolege.
- Velvære: Stell av hår, føter og hender verkar veldig roande. Aromaterapi.
- Dyr: Kontakt med dyr kan gi ro og følelse av velvære.
- Religion: Viss personen er religiøs, må aktivitøren legge til rette så brukaren får ha trua si. Set for eksempel på religiøse songar og marker høgtidene i religionen.
Ny teknologi kan vere til stor hjelp. Sjå video om Almas hus.
Minmemoria. Ei digital minnebok og plattform for sosial kommunikasjon.
Viktig for aktivitøren
Demente personar treng føreseielege vilkår, rolege omgivnader, tryggleik og kjente ansikt rundt seg. I byrjinga av ein demenssjukdom har dei ofte glede av å delta i daglege gjeremål. Observer brukarane, så ser du fort kva dei liker å pusle med.
Unngå så langt det er mogleg å ha ansvar for pengane deira. Det kan lett komme skuldingar om tjuveri dersom ein brukar forlegg, gløymer eller mister pengar. Viss aktivitøren skal ha ansvar for pengar, må det førast ein rekneskap. Snakk med pårørande og avdelingsleiar for å bli einig om korleis det skal gjerast.
Eit fint hjelpemiddel i arbeidet med demente er å bruke eit kartleggingsskjema med namn på familiemedlemmer og sentrale venner, kvar personen er fødd og oppvaksen, yrke og arbeidsplassar. Det må også innehalde opplysningar om interesser og hobbyar. Eit slikt skjema bør du fylle ut straks du møter personen. Samarbeid gjerne med pårørande og primærkontakt på avdelinga. Etter som demensen utviklar seg, er det umogleg for personen å uttrykke ønske og behov, fordi språket forsvinn. Da er kartleggingsskjemaet til god hjelp, spesielt som grunnlag for samtalar.
Å kjenne att ting den demente er vand med, fører til ro og tryggleik. Finn gjerne møblar, bilde og pyntegjenstandar som er frå tida vedkommande var barn eller ung når de skal gjere avdelinga hyggeleg. Det skaper ein rolegare atmosfære på avdelinga.