Aktivitørfaget
Eldre
I Noreg lever vi stadig lenger, og dei fleste klarer seg fint sjølv. Men mange av dei eldste må ha hjelp eller pleie, om ikkje anna så til reinhald og snømoking. Ved normal aldring kan mykje tilretteleggast slik at vi kan bu lenger heime med god livskvalitet. Ta omsyn til at syn, høyrsel og balanse normalt blir dårlegare, og skaff hjelpemiddel som briller, høyreapparat eller rullator når det trengst. Eit fall er ofte starten på at eldre får behov for hjelp.
Nettverket vårt blir mindre med alderen. Nokre venner døyr, andre flyttar eller har ei helse som gjer at dei er mindre sosialt aktive. Enkelte kan derfor få behov for å søke om telefonvenn, besøksvenn eller plass på eit dagsenter. Eit godt nettverk kan hindre einsemd og førebygge depresjonar.
Med alderen blir evna til å sjå i mørkeret dårlegare. Lys og syn høyrer nøye saman. Ein person på 80 år treng fire gonger så mykje lys som ein på 20 år. Så hugs å sjekke lysforholda på arbeidsplassen og heime hos brukarane. Sjekk spesielt lyset i trapperom. I Noreg døyr 50 personar kvart år etter fall i ei trapp.
Aktivitetar
Fysisk aktivitet er viktig uansett alder. Foto: ScandinavianStockPhoto, Todd Arena.. |
Her er nokre forslag til aktivitetar:
- Ny teknologi: Internett, nettbank, smarttelefon, appar, e-post, Facebook.
- Kognitive aktivitetar: Kortspel, bingo, yatzy, kryssord, sudoku, ordtak, spørsmål, konkurransar.
- Hobby: Spør om interesser. Foreslå gjerne nye ting. Måling, glasarbeid eller snikring.
- Fysiske aktivitetar: Trening, symjing, fellestrim, gå tur, boccia, bowling, dans.
- Turar og festar: Tur med bil og buss. Sydenturar, sankthansfeiring, julebord, vårfest, karneval.
- Musikk: Spotify, leig inn musikarar, ønskekonsert, gamle melodiar. Vis filmar.
- ADL: Hygiene, matlaging, kost og ernæring, reinhald.
- Sosiale aktivitetar: Seniordans, danne nettverk, søke støttekontakt eller telefonvenn.
- Velvære: Stell av hår, hender og føter. Spa og aromaterapi.
- Barn: Eldre og barn kan gjerne ha aktivitetar saman.
Sjå også filmane om seniordans.
Viktig for aktivitøren
Tenk førebyggande. Snakk med dei eldre om vedlikehald av eiga helse og hjelpemiddel som kan vere til nytte i kvardagen. Formidle gjerne kontakt med ein ergoterapeut eller fysioterapeut som kan ha ein samtale med brukaren.
Mange eldre kan få ulike tilleggssjukdommar som krev at vi samarbeider med andre yrkesgrupper. Ein fysioterapeut kan hjelpe til med forslag til trening for brukarar med for eksempel kols eller Parkinsons sjukdom. Ein sjukepleiar kan gi oss meir kunnskap om diabetes og Bekhterevs sjukdom. Når vi meiner ein brukar treng eit hjelpemiddel, tar vi kontakt med ergoterapeut.
Generelt blir det mindre krefter etter kvart som alderen aukar og ting tar lengre tid. Det må aktivitøren ta omsyn til. Med glede, motivasjon og god planlegging kan vi likevel lykkast med dei fleste aktivitetane.
Mangelfullt kosthald og lite drikke kan etter ei tid føre til at eldre får symptom på demens (gløymer mykje og kan verke forvirra). Viss ein igjen får i seg nok vatn og begynner med eit kosthald som er variert og næringsrikt, kan ein få tilbake det tidlegare funksjonsnivået. Kjensla av å bli tyrst forsvinn med åra. Eldre må derfor minnast på å drikke vatn.
Her er ein film om sykkelløp for barn og eldre i Bergen:
Kjelde: YouTube, Bergen kommune