Aktivitørfaget
Aktivitetskoordinator
Aktivitøren kan jobbe med ulike brukargrupper. Her er eit intervju med ein aktivitør som arbeider som aktivitetskoordinator.
Kva brukarar jobbar du med?
På arbeidsplassen min har vi desse brukarane: Sjukeheim, barnehage, utviklingshemma, bebuarar i omsorgshusvære og brukarar som har ulike former for yrkeshemming. Vi har ti aktivitørar som jobber her.
Kva arbeidsoppgåver har du i løpet av veka på arbeidsplassen din?
- Bindeleddet mellom alle dei fem einingane på huset.
- Ansvar for planlegging og gjennomføring av dei fleste felles arrangementa.
- Kontakt med frivillige.
- Omvisning på huset fordi huset vårt er veldig nytt, og spesielt sidan vi har så mange brukargrupper under same tak.
- Utleige/lån av storsalen vår.
- Leiar av aktivitsgruppe, som består av ein tilsett eller fleire frå alle einingane som møtest ein gong i månaden.
- Er leiar i AMG, som er felles for alle einingane.
- Kontaktperson for ymse organisasjonar, videregåande skolar, NAV, prest, mm.
- Har ei rolle når det gjeld sertifiseringsarbeidet for å bli ein "livsgledesjukeheim".
- Har ansvar for brukarkontoen på sjukeheimen.
- Delt ansvar for innkjøp av utstyr og ymse til sjukeheimen
Kva må du ta omsyn til når du skal planlegge aktivitetar?
- Kva aktivitetar vi skal ha.
- Tidspunkt og økonomi, brukarane betaler eigendeler.
- Kor aktivitetane skal vere.
- Kven skal delta, årstid.
- Om det skal vere servering.
- Om vi treng frivillige.
Hva arbeider du med i «kontortida»?
- Skriv og svarer på e-post frå ulike kontaktpersonar.
- Møter med einingsleiear, fagleiarar, frivilligsentralen, kontaktpersonar for dei som er i praksis, aktivitetsgruppa, AMG og kulturvert.
- Betaler rekningar, fører rekneskap for bebuarane på sjukeheimen.
- Oppfølging av dei frivillige
- Heng opp ymse informasjon når det gjeld aktivitetane som skal vere på huset slik at alle får sjå kva som skjer.
- Deler ansvar når det gjeld den offisielle Facebooksida til eininga.
Kor mykje må du planlegge framover i tid?
- Lagar ein halvårsplan med dei aktivitetane som skal vere felles for alle på huset.
- Sender bestilling til frivilligsentralen.
Hva inneber det å jobbe med budsjett og rekneskap i jobb din?
- Å ha forståing for tal.
- Vere strukturert.
- Vere nøyaktig.