Aktivitørfaget
Aktivitør for funksjonshemma
Kva brukarar jobbar du med?
Eg jobbar med psykisk utviklingshemma.
Kva arbeidsoppgåver har du i løpet av veka på arbeidsplassen din?
Eg jobbar på deira arbeidsplass og fungerer der som arbeidsleiar på kjøkenet og i kantina.
Eg jobber også nokre kveldsvakter i bustaden. Der er det miljøarbeid og daglege rutinar.
Kva må du ta omsyn til når du skal planlegge aktivitetar?
Funksjonsnivået deira, slik at alle kan vere med å medverke etter individuelle nivå og mål.
Då blir det eit godt samarbeid om eit felles produkt og mål.
Når det gjeld bustaden og brukarane, er det også viktig med aktiv fritid, familiebesøk, feriar og sosialt fellesskap.
Kva arbeider du med i «kontortida»?
Då planlegg eg arbeidsoppgåver til arbeidsplassen.
Eg har også ansvar for eventuelle sjukevikarar, ferievikarar og timelister.
Eg planlegg feriar for brukarane, har kontakt med vaksenopplæringa, har ansvar for helsemessige oppfølgingar, hjelper brukarane med det økonomiske og samarbeider med vergene.
Kor mykje må du planlegge framover i tid?
Det er litt ulikt. Vi har personalmøte kvar veke og då planlegg vi saman.
Individuelle planleggingsmøte (ansvarsgruppemøte) er om lag ein gong i året.
Hva inneber det å jobbe med budsjett og rekneskap i jobben din?
Budsjett har eg ikkje noko med. Rekneskapet til brukarane er det vergene som er ansvarlege for, men eg hjelper brukarane med det daglege.
Rekneskapet på arbeidsplassen er det eg som skriver i det daglege, men ein annan tilsett på området som godkjenner.