Aktivitørfaget
Administrering
Dette hovudområdet omfattar administrering, kvalitetssikring og dokumentasjon av aktiviseringsarbeidet. Målsetjing og planlegging, kritisk refleksjon og vurdering knytt til aktiviseringsarbeid er ein del av hovudområdet. Lærlingen skal lære å bruke digitale verktøy ved rapportskriving, han/ho skal lære om planarbeid og føring av statistikk og lære å skrive søknader og bestillingar. Kunnskap om prissetjing, marknadsføring og økonomi inngår i hovudområdet. Lærlingen skal lære seg å følgje rutinane og det gjeldande regelverket knytt til personvern og helse, miljø og sikkerheit.
På dei følgjande sidene kan du skrive inn kva du har gjort i forhold til kvart mål i lærplanen. Det du har skrive skal godkjennast av instruktøren/veiledaren på arbeidsplassen.
Slik kan du ha kontroll på at du kjem deg gjennom alle læreplanmåla i løpet av praksisperioden din.