Aktivitørfaget
Utviklingshemming
Det er ikkje bestandig moro å leike aleine. Foto: Elena Elisseeva | Dreamstime.com. |
Ei utviklingshemning er noko ein person har for resten av livet. Det er ei samlenemning på fleire ulike diagnosar og ofte uklare tilstandar. I mange tilfelle kan det vere ein hjerneskade eller kromosomfeil som er grunnen.
Fellestrekk ved utviklingshemmingar er at evna til å klare seg sjølv i samfunnet er meir eller mindre redusert. For enkelte utviklingshemmingar er utsjånaden veldig karakteristisk, eller oppførselen er spesiell. Men ofte er det ikkje mogleg å sjå på ein person om vedkommande er utviklingshemma.
Karakteristiske trekk for menneske med utviklingshemming:
- lærevanskar
- forstår ikkje å overføre kunnskap frå éin situasjon til ein annan
- vanskeleg for å tekke slutningar
- nedsett evne til sjølvstende
- nedsett evne til innsikt i eigen situasjon
- nedsett språkutvikling og begrepsforståing
- taleforstyrringar
- åtferdsproblem
- spesiell veremåte
- kan ha spesiell utsjånad eller kroppsbygning
- nedsett evne intellektuelt og sosialt
- treng ofte hjelp livet ut når det gjeld mat, trening/aktivitet, skole, arbeid, pengar, sosial kontakt, hygiene osv.
Tilleggshandikap kan for eksempel vere hjertefeil eller cerebral parese.
Viktig for aktivitøren
For utviklingshemma er det viktig å trene for å bli så sjølvstendige som råd. Det sikrar større sjanse til meistring og brukarmedverking, og eit så sjølvstendig liv som mogleg. Mange personar med ei utviklingshemming kan bu i eiga leilegheit og klare seg sjølv med veldig lite hjelp. Men det føreset at dei har fått høve til å trene opp ferdigheitene sine og bruke alle ressursane sine.
Forsking kan tyde på at personar med utviklingshemmingar er meir utsette for å utvikle psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar enn andre. Det kan komme av at dei lettare blir stressa og einsame, og at dei har lite sosialt nettverk. Dei føler også ofte uro for nye ting og situasjonar.