Aktivitorens Helsefag;

Aktivitørfaget

Aktivitetar

Trene tar på_72 dpi.jpg
Å trene ferdigheiter tar på.
Foto: ScanStockPhoto, Tyler Olson.

Her er nokre forslag til aktivitetar for utviklingshemma:

 

  • Trening av ferdigheiter: knyte sko, knappe knappar, bruke glidelås, lære klokka. Lære å dele, samarbeide, vente på tur. Det kan lærast gjennom spel og leik.
  • ADL: lære hygiene, matlaging, handle, ta buss, dekke bord, lære om pengeverdi, velje klede etter vêret
  • Trening av finmotorikk og/eller konsentrasjon: legge puslespel, leike med perler, klippe, lime, fargelegge
  • Grovmotorikk: kaste eller sparke ball, springe, stort sett all fysisk aktivitet
  • Balanse og/eller koordinasjon: hoppe paradis, balansere, hoppe tau, gå hinderløype, sykle, danse
  • Språk og uttale: lære bokstavar, spele bildelotto, mime, teikne, gå aktivitetsløype, beskrive noko som andre skal gjette
  • Konsentrasjon: legge puslespel, leike gøymsel, skrive, lese
  • Sosial trening: bygge nettverk, delta i sosiale samanhengar. Musikk, dans, kino, utstillingar, teater
  • Velvære: aromaterapi, spa. Hugs at ikkje alle ønsker så nær kontakt.
  • Turar og festar: Mange vil gjerne delta viss vi organiserer.
  • Dyr: Enkelte synest det er lettare å ha nær kontakt med dyr enn med menneske.

 

Viktig for aktivitøren

For personar med utviklingsforstyrring er det nødvendig at kvardagen blir oversiktleg, strukturert og lett å rekne seg til på førehand. Sosialt samspel med andre er ei utfordring, og evna til slikt samspel kan blir betre ved å trene på det. Vi bør snakke tydeleg og bruke få ord. Sjå til at det er roleg rundt dykk.

 

Å tilfredsstille behovet for oversikt, struktur og føreseielege vilkår krev at aktivitøren er tidleg ute med planlegging og er tydeleg med informasjon om kva som skal skje, når det skal skje og kvar det skal skje.

 

Sjå også nettstad med lenkjesamling og kontaktmogelegheiter for sjeldne og lite kjende diagnosar.